Fuld skærm

Stillingsannonsering i Fjuken gjev deg ei god moglegheit til å nå ut til både aktive arbeidssøkjarar og kandidatar som ikkje nødvendigvis er på jakt etter ny jobb akkurat no. Gjennom lokalavisa treffer du lesarar med sterk tilknyting til bygdene våre – folk som bur her, har vakse opp her, har familie her, eller som kanskje ber på ein draum om å flytte heim att.

Ei stillingsannonse i Fjuken handlar difor ikkje berre om å lyse ut ei ledig stilling. Det handlar òg om å synleggjere arbeidsplassen, vise fram moglegheitene som finst lokalt, og minne potensielle kandidatar på at det kan vere gode grunnar til å kome heim eller bli verande.

Stillingsannonsa kan òg kombinerast med innrykk i fleire aviser og digital annonsering. Slik kan du både sikre god lokal synlegheit og samstundes nå breiare ut til relevante kandidatar i andre område og kanalar.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om korleis vi kan hjelpe deg med å nå dei rette kandidatane.